16.-18.april 2027

Sunnmøre       

Strikkefestival

Strikkegalskap sidan 2024

Logo for sunnmøre strikkefestival, Ei digital tegning av eit gult og blått anker. Ankeret har garn rundt seg.

Midt i Ulsteinvik blir Sunnmøre Strikkefestival ein møteplass der skaparglede, fellesskap og inspirasjon står i sentrum. Her samlar vi hundrevis av handarbeidsinteresserte til ei helg med kurs, utstillarar, shopping, gode samtalar og sjølvsagt mykje strikking og hekling.

Festivalen er skapt av og for handarbeidsglade menneske, og målet vårt er å gi deltakarane ei triveleg helg med fagleg påfyll, nye bekjentskap og rom for å dyrke interessa i lag med andre.

Program

Fredag

Festivalhelga startar med innsjekk, opning av strikkesalongen og offisiell opning. Kvelden byr på inspirerande foredrag, mat og mannekengframsyning, før vi rundar av med ein sosial og kjekk strikkebingo.

Les meir

Laurdag

Laurdagen er festivalens store hovuddag, med open marknad, foredrag, speed-date med utstillarane, kurs og mannekengframsyning. Dagen blir avslutta med festmiddag og trekning av flotte gevinstar.

Les meir

Søndag

Den siste festivaldagen legg opp til ein roleg og hyggeleg avslutning. Nyt den siste marknadsrunden, spennande foredrag, quiz og trekking av festivalsamstrikken før vi takkar for ei flott helg saman.

Les meir

Strikkekveld

Sunnmøre Strikkefestival inviterer til ein koseleg strikkekveld.

MaLø Yarns kjem med ein liten pop-up-butikk, og hotellet tilbyr også både mat, drikke og snacks. Ta med deg strikketøyet og bli med på ein sosial kveld fylt med strikkeglede og godt selskap!

Dato: 19. oktober 2026

Kl: frå 18:00

Stad: Quality Hotel Ulstein

Gjest: MaLø Yarns

To strikka høner i rosa og grå, plassert blant garn i forskjellige farger. Fra sunnmøre stikkefestival 2026.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med oss!