Om oss

Dette er Sunnmøre Strikkefestival

Stativ med strikkagensera frå Sunnmøre Strikkefestival 2026. Nærbilde av en kleshenger med flere ullgensere i ulike farger og mønstre hengende på en klesstang.

Sunnmøre Strikkefestival vart arrangert for første gong i mars 2024, då fleire hundre strikke- og handarbeidsentusiastar samla seg på hotellet i Ulsteinvik til ei innhaldsrik festivalhelg.

No gler vi oss til neste festival, som går av stabelen 16.–18. april 2027. Også denne gongen blir Quality Hotel Ulstein ramma rundt helga.

Målet for festivalen er å skape ein koseleg møteplass for alle som er glade i strikking og hekling.

Gjennom ei helg fylt med handarbeid, gode samtalar, inspirerande kurs, god mat, underhaldning og ikkje minst shopping hos spennande utstillarar, ønskjer vi å samle folk med felles interesse og skaparglede.

Du kan velje om du vil vere med på heile festivalhelga, eller berre ta turen innom marknaden i løpet av helga.

Sunnmøre Strikkefestival sin festivalkomite. Arrangementskomiteen: Frå venstre: Liv Randi Djupvik Knotten, Torill Haddal, Siv-Marit Røyset Kaldhol, Amalie Stette Olsen, Mona Voldsund og Linda Eikrem. Foto: Festivalfotograf Marte Skodjevåg Sundgot.

Festivalkomiteen

Bak Sunnmøre Strikkefestival står ein gjeng engasjerte og garnglade damer frå Herøy, Ulstein og Hareid. Med ei felles interesse for strikking, hekling og kreativt fellesskap arbeider vi gjennom året for å skape ei inspirerande og triveleg festivalhelg for deltakarane våre.

Vi er stolte av å kunne samle handarbeidsinteresserte frå nær og fjern til kurs, utstillingar, gode samtalar og nye opplevingar.

Festivalkomiteen består av Liv Randi Djupvik Knotten, Torill Haddal, Siv-Marit Røyset Kaldhol, Amalie Stette Olsen, Mona Voldsund, Linda Eikrem og Marte Skodjevåg Sundgot.

 

Festivalhotellet

Quality Hotel Ulstein er hjartet i Sunnmøre Strikkefestival og ein viktig samarbeidspartnar for arrangementet. Her kan deltakarane bu komfortabelt gjennom festivalhelga, med kort veg til alle aktivitetar, kurs og utstillingar.

Hotellet sørgjer også for servering gjennom heile helga, slik at gjestene kan nyte gode matopplevingar i ei hyggeleg ramme. Med si erfaring, serviceinnstilling og evne til å leggje til rette for både små og store arrangement, er Quality Hotel Ulstein med på å sikre at festivalen går knirkefritt frå start til slutt.

Saman skapar vi ei varm og innbydande festivaloppleving der du kan senke skuldrane, finne fram strikketøyet og berre nyte helga.